mandag 21. juni 2010

Dag 8, 19.06.10

Då var dagen for ein fjelltur komen. Kan jo ikkje gløyma å gå i fjellet hernede heller.
Bak boligfeltet der me bur, går der en veg oppover i terrenget og me labba i veg. Temperaturen var perfekt når me starta, men me hadde ikkje gått mange meter før himmelen var skyfri og sola steikte. Var likavel godt å svetta litt av fysisk bevegelse og ikkje berre av varme.
Me nådde målet som er ein liten topp der det står eit kors, sannsynlegvis eit gammalt seilingsmerke for dei lokale fiskarane. Der opp hadde me ei fantastisk utsikt over heile området.
Har som vanlegt problemer med nettet, så bileta får komma etterkvart.

Dag 7, Porta del Mogan

I dag hadde me bestemt oss for å ta turen til Mogan. Einaste problemet var at der er 2 av dei, så spørsmålet var egentlig om det var havnebyen eller kommunesenteret.
Me stanste i havnebyen. Der var det eit stort marked, og etter å ha tusla rundt der ei stund kom me nedover mot havna. Alt me hadde hørt om at det var fint i Mogan, viste seg å stemme. Ein nydelig landsby, der det var flotte spaserområder, blomsterpynta gater og ikkje noko å sjå av alle selgarane som sko få deg inn i sjappene sine. Hadde desverre gløymt fotoapparatet, så eg har ikkje bilder frå turen. Anna har nokre på sitt kamera, men det har eg ikkje tømt enda så dei får doken sjå seinare.

lørdag 19. juni 2010

dag 6, 17.06.10

Så var dagen for å besøke den obligatoriske ferieparken komen.

Tidleg oppe var me og etter en god frukost, var det berre å sette kursen mot Maspalomas, der Aqualand sko vere. Verka jo litt merkelegt å legga eit badeland fleire kilometer inn i landet når der e hav på alle kantar men, men.

Etter å ha rota litt rundt i Maspalomas etter rett veg, (bekrepet skilting har fått ein ny dimensjon etter denne turen) fant me fram. Annlegget va greitt nok det, med masse sklier og egen barneavdeling. Fullt opp av folk var der også, med dei obligatoriske køane på dei mest populære skliene.

Må sei eg har litt sansen for opplegga deira med solsenger her nede. At du må betale nokre kroner for desse er heilt greitt. Då får du ivertfall ein god plass å ligga på.

Dagen gjekk fort den med bading, iseting og soling og klokka halv fem, stengte anlegget. Då var det berre å komma seg avgarde til leiligheita igjen, for en kjapp avslapning før me gjekk ut for å ete middag. I morgon står Mogan på besøkslista. Der skal det være svært så fint, så me tenkte tilbringe dagen der. At der i tillegg skal være eit stort marked, er vel heller ikkje til hinder =)

onsdag 16. juni 2010

Dag 5, 16.06.10




Her i sjølve Aguineguin er der ikkje noko skikkeleg strand å snakka om, så etter frukosten (lunsjen) tok me turen til Puerto Rico for å kjenne sand mellom tærne.


Planen var å tilbringe eit par timar der, (eller så lenge far har ro i baken) men dagen gjekk fort, og putseleg var den over. Var allikavel verdt turen, for me storkosa oss alle saman.

Her nyt me livet!


Thea har funne ut at her i syden kan me eta is kvar dag, og det er så greitt så!


Fram til no har me hatt heile huset for oss sjølve, men når me kom attende frå stranda, var der dukka opp folk i naboleiligheita. Har ikkje helsa på dei enda, men tenker det går bra.


I morgon er planen å ta turen til Maspalomas. Låg ei brosjyre over eit "Vannland" med masse aktivitetar i leiligheita, og då var det gjort. Dit skal me i.flg dei 3 som har tatt over komandoen her nede =)

Stranda i Puerto Rico

tirsdag 15. juni 2010

dag 3 og 4



Hadde seriøse planar om å halda denna bloggen oppdatert dagleg, men netttilgangen her nede e nett som innbyggerane, litt av og på alt etter om det er siesta eller ikkje. Men men, her kjem ei lita oppdatering.


14 juni, naut me dagen til fulle stort sett ved bassengkanten.


Kan vel berre seie at me har det flott!


Ut på ettermiddagen, tok me turen til Puerto Rico, der me rusla litt rundt i gatene før me entra det såkalla kjøpesenteret der.


Har vel sjeldant sett så mykje "jalla" samla på ein plass!


Me fant ut at det gikk ca. 10 slike på kvar butikk som verka til å ha noko anna enn suvenirar berekna på turistar. Sko i grunnen hatt det slik heime og, pruting, pruting og pruting, for så å ikkje kjøpa noko i det heile =).


Ikkje snilt gjort, men når du vert fysisk dratt inn i butikkane, får dei ta konsekvensane.


Turen innom senteret resulterte i kjøp av kamera til Anna, så ho e no den stolte eigar av eit Canon D1000 speilrefleks. Reknar med at eg må innvestera i ny hardisk for å få plass til alle bileta ho tek, men det får no stå sin prøve.


I går, hadde eg min første (men forhåpentlegvis ikkje siste dykketur frå Padisenteret her i Arguinneguin. Heilt topp!!!!!!! Me var berre 3 som dro ut, i tillegg til dei to guidane.


Dei to dykka på ulike plassar var klasse! Servicen på senteret er fantastisk og en sko tru dei hadde kjent deg heile livet. Anbefalast på det varmaste til alle!




Kom i land igjen rundt kl. 14.30 og då sto resten av familien og venta på kaia. Dei hadde nytt dagen i sola og ved bassenget, der dei fekk besøk av vaktmesteren som fortalde at han sko starta rensa bassenget kl. 0600 morgonen etter. Startar tidleg!


Me rusla rundt i byen ei stund, før me tok turen tilbake til leiligheta for ein liten siesta. (skal sei me lærer uvanar fort hernede=)


Etter siestaen var det tid for middag, så me kjørte ein liten tur til nabobygda der me fant ein koseleg italiensk restaurant. Maten og servicen var upåklagelig. Frå vindauget der me sat, såg me rett ned på ei lita strand der bølgene slo innover. Etter maten rusla me ned på denne og både Nora og spesielt Thea var i 200, i forsøket på å springa frå bølgene som slo innøve stranda.


Me vart noko fuktige og sandete av forsøka, men heldigvis var det ingen av oss som "tryna" og vart skikkeleg våte. Etter ein lang dag, gjekk turen attende til leiligheta.


I morgon ventar stranda i Puerto Rico =)

søndag 13. juni 2010

Dag 2, 13-06-10

Dagen i dag har vi stort sett via til avslapping i leiligheten etter at vi snudde døgnet på hodet før vi reiste. Anna vakna rundt kl. 08.00 og kl. 08.30 låg ho allereie på takterassen og naut sola.






Etter at resten av familien hadde vakna, åt me ein god frokost,



Gerda inntek forfrukosten


Samling rundt frukostbordet

og så var det bare å få trekket av svømmebassenget og hoppe ut. Temperaturen tipper eg låg på

20-22 grader i vatnet, og med 30 på land var det herlegt.















Etter å ha kosa oss i sola stort sett heile dagen og inntatt den obligatoriske "hummerfargen", var det tid for å eta middag. Me sette oss i bilen og tok turen til nabobyen der me åt middag på Waiikiki beach. God mat og topp service. Etter middagen var det tid for å kikke i nokre av "jallasjappene" langs vegen. Her gikk det stort sett i kikkertar og kameraer. Videokamera var der flust av, trur dei fleste må vere gjenglømte av tilreisande, for det var heilt tydeleg svært mange som var godt brukte! Fekk ein innpåsleten selgar på nakken som absolutt sko selga eit av dei til oss. Prisen starta på 200 Euro og tilslutt var me nede i 100 norske kroner. Gjett om han vart fornærma når eg sa at det var uinteressant =)

I halv elleve tida var me tebake i leiligheita og det tok ikkje så veldig lang tid før me køya. En lang flott dag var over. Skal tru ka me skal finna på i morgo =)

lørdag 12. juni 2010

Ferie 2010, dag 1




11/12-06-10;

Så var dagen, eller kanskje vi skal si natta endelig der. 23.45 startet Audien i tunet heime i Skånevik turen mot Gardemoen og familieferien til syden for the Solbergs (Thea hadde då allerede vore reiseklar i eit par timar).

Heime var det småkjøligt og det regna når vi tok av, men med eit håp om at me dro mot varmare klima, var det heilt greitt. Turen ove Haukeli gikk forholdsvis greitt, og det vart litt soving på ungane innimellom. Mor og far bytta på kjøyringa, og rundt 06.30 var me framme på Gardemoen. Me lessa av bagasjen og far dro for å parkera. Me hadde reservert parkering på Gardemoen parkering. Der går det shuttle buss fram og tilbake heile tida, så etter eit lite kvarter, 20 minutt var eg tebake til dei andre på flyplassen. Me sjekka inn bagasjen og tiltross for vektar streik, gjekk det kjapt å komma seg gjennom sikkerheitssjekken. Mat og taxfree sto så på planen, og ca. kl.09.00 entra me flyet sydover. Flyturen var laaaaaaaang, men gjekk heilt fint. Etter at me hadde fått bagasjen vår, (som faktisk for ein gongs skyld kom fram samtidig med oss), vart Gerda praia av ein "apekatt" som lurte på kor me sko. Det viste seg å være en piratminibuss, og fyren gjekk rundt å kapra passajerar non stop. Har aldri sett en buss verte fylt opp så kjapt verken med bagasje eller passasjerar. Var noko skeptisk, både eg og eit par av dei andre passasjerane når me såg kjøretøyet. Nødutgangen på eine sida var festa med sikkaflex, og på andre sida med gaffatape. Tape såg i grunnen ut til å være reparasjonskit numero 1 for eigaren ( hadde dessverre ikkje kamera tilgjengelegt), men, men. Turen frå flyplassen til leiligheta gjekk alikavel heilt fint, og me var spente på korleis denne såg ut. Forventningane våre vart innfridde til de grader. Med unntak av eindel daue kakkerlakkar her og der, var leiligheta heilt topp. Me fekk etablert oss, og etter litt leiting etter rette døra, fant me garasjen med bilen me disponerer, og dro ned til sentrum for å handla inn litt matvarer. Me fant ut at me hadde tid til å eta før handlinga,og fant oss ein kinarestaurant der me kunne sita ute å innta måltidet. Menyen var på norsk, så eg slapp og testa spanskkunnskapane mine, noko som sikkert resten av familien skal være meget glade for. Etter at me var ferdige med eting og shopping, kjørte me tebake til leiligheta. 2 døgn, meir eller mindre utan søvn, hadde sett sine spor, og i 8 halv 9 tida køya Gerda, etterfulgt av resten med korte intervallar.

I dag ( sit på terassen og skriv dette kl. 05.30) er planen å finna ut kva plassen har å by på, og selvfølgelig testa bassenget på terassen i leiligheita.



Morgenstemning frå terassen i Arguineguin