I dag hadde me bestemt oss for å ta turen til Mogan. Einaste problemet var at der er 2 av dei, så spørsmålet var egentlig om det var havnebyen eller kommunesenteret.
Me stanste i havnebyen. Der var det eit stort marked, og etter å ha tusla rundt der ei stund kom me nedover mot havna. Alt me hadde hørt om at det var fint i Mogan, viste seg å stemme. Ein nydelig landsby, der det var flotte spaserområder, blomsterpynta gater og ikkje noko å sjå av alle selgarane som sko få deg inn i sjappene sine. Hadde desverre gløymt fotoapparatet, så eg har ikkje bilder frå turen. Anna har nokre på sitt kamera, men det har eg ikkje tømt enda så dei får doken sjå seinare.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar