Då var dagen for ein fjelltur komen. Kan jo ikkje gløyma å gå i fjellet hernede heller.
Bak boligfeltet der me bur, går der en veg oppover i terrenget og me labba i veg. Temperaturen var perfekt når me starta, men me hadde ikkje gått mange meter før himmelen var skyfri og sola steikte. Var likavel godt å svetta litt av fysisk bevegelse og ikkje berre av varme.
Me nådde målet som er ein liten topp der det står eit kors, sannsynlegvis eit gammalt seilingsmerke for dei lokale fiskarane. Der opp hadde me ei fantastisk utsikt over heile området.
Har som vanlegt problemer med nettet, så bileta får komma etterkvart.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar