tirsdag 15. juni 2010

dag 3 og 4



Hadde seriøse planar om å halda denna bloggen oppdatert dagleg, men netttilgangen her nede e nett som innbyggerane, litt av og på alt etter om det er siesta eller ikkje. Men men, her kjem ei lita oppdatering.


14 juni, naut me dagen til fulle stort sett ved bassengkanten.


Kan vel berre seie at me har det flott!


Ut på ettermiddagen, tok me turen til Puerto Rico, der me rusla litt rundt i gatene før me entra det såkalla kjøpesenteret der.


Har vel sjeldant sett så mykje "jalla" samla på ein plass!


Me fant ut at det gikk ca. 10 slike på kvar butikk som verka til å ha noko anna enn suvenirar berekna på turistar. Sko i grunnen hatt det slik heime og, pruting, pruting og pruting, for så å ikkje kjøpa noko i det heile =).


Ikkje snilt gjort, men når du vert fysisk dratt inn i butikkane, får dei ta konsekvensane.


Turen innom senteret resulterte i kjøp av kamera til Anna, så ho e no den stolte eigar av eit Canon D1000 speilrefleks. Reknar med at eg må innvestera i ny hardisk for å få plass til alle bileta ho tek, men det får no stå sin prøve.


I går, hadde eg min første (men forhåpentlegvis ikkje siste dykketur frå Padisenteret her i Arguinneguin. Heilt topp!!!!!!! Me var berre 3 som dro ut, i tillegg til dei to guidane.


Dei to dykka på ulike plassar var klasse! Servicen på senteret er fantastisk og en sko tru dei hadde kjent deg heile livet. Anbefalast på det varmaste til alle!




Kom i land igjen rundt kl. 14.30 og då sto resten av familien og venta på kaia. Dei hadde nytt dagen i sola og ved bassenget, der dei fekk besøk av vaktmesteren som fortalde at han sko starta rensa bassenget kl. 0600 morgonen etter. Startar tidleg!


Me rusla rundt i byen ei stund, før me tok turen tilbake til leiligheta for ein liten siesta. (skal sei me lærer uvanar fort hernede=)


Etter siestaen var det tid for middag, så me kjørte ein liten tur til nabobygda der me fant ein koseleg italiensk restaurant. Maten og servicen var upåklagelig. Frå vindauget der me sat, såg me rett ned på ei lita strand der bølgene slo innover. Etter maten rusla me ned på denne og både Nora og spesielt Thea var i 200, i forsøket på å springa frå bølgene som slo innøve stranda.


Me vart noko fuktige og sandete av forsøka, men heldigvis var det ingen av oss som "tryna" og vart skikkeleg våte. Etter ein lang dag, gjekk turen attende til leiligheta.


I morgon ventar stranda i Puerto Rico =)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar