onsdag 16. juni 2010

Dag 5, 16.06.10




Her i sjølve Aguineguin er der ikkje noko skikkeleg strand å snakka om, så etter frukosten (lunsjen) tok me turen til Puerto Rico for å kjenne sand mellom tærne.


Planen var å tilbringe eit par timar der, (eller så lenge far har ro i baken) men dagen gjekk fort, og putseleg var den over. Var allikavel verdt turen, for me storkosa oss alle saman.

Her nyt me livet!


Thea har funne ut at her i syden kan me eta is kvar dag, og det er så greitt så!


Fram til no har me hatt heile huset for oss sjølve, men når me kom attende frå stranda, var der dukka opp folk i naboleiligheita. Har ikkje helsa på dei enda, men tenker det går bra.


I morgon er planen å ta turen til Maspalomas. Låg ei brosjyre over eit "Vannland" med masse aktivitetar i leiligheita, og då var det gjort. Dit skal me i.flg dei 3 som har tatt over komandoen her nede =)

Stranda i Puerto Rico

1 kommentar:

  1. Bra å se dåkker kose dåkker :D
    her i regnet savnes sol og strandvær!!

    SvarSlett