lørdag 19. juni 2010

dag 6, 17.06.10

Så var dagen for å besøke den obligatoriske ferieparken komen.

Tidleg oppe var me og etter en god frukost, var det berre å sette kursen mot Maspalomas, der Aqualand sko vere. Verka jo litt merkelegt å legga eit badeland fleire kilometer inn i landet når der e hav på alle kantar men, men.

Etter å ha rota litt rundt i Maspalomas etter rett veg, (bekrepet skilting har fått ein ny dimensjon etter denne turen) fant me fram. Annlegget va greitt nok det, med masse sklier og egen barneavdeling. Fullt opp av folk var der også, med dei obligatoriske køane på dei mest populære skliene.

Må sei eg har litt sansen for opplegga deira med solsenger her nede. At du må betale nokre kroner for desse er heilt greitt. Då får du ivertfall ein god plass å ligga på.

Dagen gjekk fort den med bading, iseting og soling og klokka halv fem, stengte anlegget. Då var det berre å komma seg avgarde til leiligheita igjen, for en kjapp avslapning før me gjekk ut for å ete middag. I morgon står Mogan på besøkslista. Der skal det være svært så fint, så me tenkte tilbringe dagen der. At der i tillegg skal være eit stort marked, er vel heller ikkje til hinder =)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar